Tilsette i fem bransjar får gratis etter- og vidareutdanning neste år

Regjeringa opprettar no to nye bransjeprogram for å sikre kompetanseutvikling for tilsette. Frå 2025 til 2027 vil tilsette i helse- og omsorgssektoren og solkraftbransjen få tilbod om korte og relevante vidareutdanningar. I tillegg setter regjeringa av 15 millionar kroner for å vidareføre bransjeprogrammet for industri- og byggenæringa i tre nye år.

I 2025 er det derfor totalt fem aktive bransjeprogram som skal bidra til kompetanseutvikling i utvalde bransjar.

—  Mangelen på kompetent arbeidskraft kan ikkje berre løysast ved å utdanne fleire – kompetansepåfyll til dei som allereie er i jobb er minst like viktig. Gjennom bransjeprogramma får folk i jobb tilbod om fleksibel etter- og vidareutdanning i heile Noreg, og får oppdatert kompetanse tilpassa eit raskt skiftande arbeidsliv. Det er viktig både for den enkelte og for å omstille industrien og helse- og omsorgssektoren, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Kva er eit bransjeprogram?

Bransjeprogram er ei tilskotsordning der staten og partane i arbeidslivet samarbeider om å auke deltakinga i kompetanseutvikling innanfor utvalde bransjar. Gjennom bransjeprogramma kan tilsette, permitterte og arbeidsledige få gratis kurs og utdanning. Målet er å sikre kompetanseutvikling i tråd med behovet i bransjane, slik at tilsette kan takle omstillingar og vere betre rusta for morgondagens arbeidsliv. Opplæringstilboda skal kunne gjennomførast i kombinasjon med jobb.

Samarbeidet med partane er svært viktig

Partane i arbeidslivet har ansvar for å definere kompetansebehovet i bransjen, og vurdere det faglege innhaldet i opplæringstilboda. I år var det 14 bransjar som blei nominert av partane.

NHO er ein viktig aktør i samarbeidet om nye bransjeprogram, og dei støttar regjeringa sitt forslag.

—  Det er bra regjeringa etablerer nye bransjeprogram. Det er behov for meir kompetanse, det understrekar talet på nominasjonar til bransjeprogram i år. Derfor har NHO vore tydelege på at talet på bransjeprogram må opp, seier administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid.

LO har vore ein aktiv pådrivar for dei to nye bransjeprogramma som no skal etablerast.

—  Eg er glad for at regjeringa foreslår to nye bransjeprogram innanfor helse- og omsorgssektoren og innanfor solkraftbransjen. Det er Fagforbundet og El- og IT-Forbundet som har vore med på å søke om etablering av desse to bransjeprogramma, og det er eit stort behov for kompetansepåfyll innanfor desse to bransjane. LO vil jobbe vidare for å etablere fleire slike bransjeprogram, for det er ingen tvil om at arbeidstakarar i fleire bransjar vil nyte godt av slike trepartsvise bransjeprogram, seier LO-sekretær Trude Tinnlund.

Meir om bransjeprogram

Kvart bransjeprogram får tilskot i tre år. Tilbydarar av opplæring kan søke om tilskot, men må dokumentere samarbeid med arbeidslivet. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som forvaltar ordninga. Regjeringa har foreslått å styrke tilskotsordninga med 15 millionar kroner i statsbudsjettet for 2025, som eit resultat av frontfagsoppgjeret 2024.

Aktive bransjeprogram i 2024 og 2025

  • Avfalls- og gjenvinningsbransjen (2022–2024)
  • Jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa (2022–2024)
  • Finansnæringa (2024–2026)
  • Informasjonssikkerheit og IKT-bransjen (2024–2026)
  • Solkraftbransjen (2025–2027)
  • Helse- og omsorgssektoren (2025–2027)
  • Industri- og byggenæringa (tredje periode 2025–2027)
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.