Rekordmange organisasjonar får tilskot til inkludering av barn og unge
Nyheit | Dato: 29.04.2024 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa jobbar breitt for å fange opp barn og unge som fell utanfor, for å få alle med. No delast det ut 205 millionar til tiltak for inkludering av barn og unge.
– Regjeringa vil leggje til rette for at alle barn, uansett bakgrunn og bustad, kan delta i fritidsaktivitetar. I år er arbeidet styrkt med 50 millionar kroner meir til lokale fritidskassar som mellom anna skal gå til å dekke utgifter til utstyr og deltakaravgifter, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
I denne regjeringsperioden er ordninga «Tilskot til å inkludere barn og unge» auka med 231 millionar kroner. Heile ordninga er på 758 mill. kroner i 2024, og går til 955 organisasjonar. Det er 309 fleire enn førre år. I årets andre tildelingsrunde blir det delt ut 205 millionar kroner til lokale fritidskassar, frivillige og andre ideelle aktørar i kommunar Noreg rundt.
For informasjon om kven som mottek tilskot sjå Bufdir sine nettsider.
– Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Ordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp over heile landet, seier Toppe.
Døme på aktivitetar som kan få tilskot gjennom ordninga er kultur-, fritids og ferieaktivitetar, utstyrssentralar og opne møteplassar. Regjeringa vil den 30. april leggje fram ein ny handlingsplan for deltaking med tiltak for å auke deltakinga i kultur, idrett og friluftsliv.
– Fellesskapet som barn og unge får kjenne på når dei deltek i sosiale aktivitetar på fritida og i feriar er veldig viktig. Det gir minne, venner og opplevingar som kan vare livet ut. Det kan bidra til å forhindre utanforskap både når dei er unge, men også seinare i livet, seier Toppe.
Målgruppa for tilskotsordninga er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan søkje om tilskot frå denne ordninga.