Landbruksdirektoratet gjev 2,77 millionar kroner til kommunale jordvernstrategiar i år – ein auke på nesten 1,8 millonar kroner

Landbruksdirekoratet gjev så mykje som 2,77 millionar kroner i tilskot til kommunale jordvernstrategiar i år. Summen er ein auke på om lag 1,8 millionar frå året før. Midlane går til 19 kommunar over heile landet.

Vetafjellet i Sandnes
Jordbruksareal tett på byen. Her frå Vetafjellet i Sandnes. Foto: Anfinn Rosnes

 

– Regjeringa har mål om å redusera nedbygginga av matjord. Det er viktig av omsyn til framtidas beredskap. Å gje tilskot til kommunar for at dei skal utarbeida sin eigen jordvernsstrategi, er eit viktig tiltak i den nasjonale jordvernsstrategien som regjeringa la fram i fjor, seier landbruks og matminister Geir Pollestad.

Kommunane som får tilskot varierer i storleik og har ulike utfordringar. Nokre har stort utbyggingspress på dyrka jord, mens andre opplever at jordbruksareal går ut av drift.

– Formålet med tilskotet er at ein i desse kommunane skal få meir kunnskap om og bli meir merksame på jordbruksareala sine, slik at dei kan ta betre vare på dei. Me skal nå jordvernmålet, og då er me avhengige av kommunane som styrer arealpolitikken lokalt, seier Pollestad.

Målet med utarbeidinga av kommunale jordvernstrategiar er å gje eit overordna bilete av forholdet mellom utbygging og bevaring av jordbruksområde for å redusera omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord.

Kommunane som får tilskot i 2024:

Målselv, Troms

Tjeldsund, Troms

Brønnøy, Nordland

Narvik, Nordland

Evenes, Nordland

Høylandet, Trøndelag

Indre Fosen, Trøndelag

Malvik, Trøndelag

Volda, Møre og Romsdal

Voss, Vestland

Bergen, Vestland

Bjørnafjorden, Samnanger og Tysnes, Vestland

Gjesdal, Rogaland

Risør og Gjerstad, Agder

Enebakk, Akershus

Hamar, Innlandet