God utnytting av tilskotsrammene til investering i landbruket i år

Tal frå Innovasjon Noreg per oktober viser at 89 prosent av dei tildelte rammene til investeringstilskot i landbruket er brukt opp.

Ku
Det er løyvt eit investeringstilskot i overkant av 1 111 millionar kroner i 2024. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

– Tala frå Innovasjon Noreg tyder på at grepa me har gjort i jordbruksoppgjera dei siste åra, med både auka tilskotsramme til investeringar og meir tilskot per prosjekt, har bidrege til å få fart på naudsynte investeringar i landbruket, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Den nasjonale potten som er øyremerkt til lausdriftsinvesteringar på 100 millionar kroner er òg brukt opp. I sum er det løyvt eit investeringstilskot i overkant av 1 111 millionar kroner i 2024.

Avsetnaden har auka

Tilskotet skal bidra til omstilling og utvikling innan både tradisjonell landbruksproduksjon og andre landbruksbaserte næringar som brukar ressursgrunnlaget som finst på landbrukseigedommen.

Avsetnaden har auka med dei siste jordbruksoppgjera, og ein har derfor kunna gje meir tilskot per prosjekt enn før. Såleis kan òg mindre gardsbruk kunna få ei meir lønsam omstilling.

Prosjekt i Nordland, Troms og Finnmark kan få meir tilskot per prosjekt inn i andre delar av landet.

Lausdrift er prioritert

Mjølkeproduksjon er viktig for distriktslandbruket. Omstillinga frå bås- til lausdriftsfjøs innan 2034 er eit prioritert støtteområde. Utfordringane med dette er særleg store i Vestland fylke og enkelte område i Innlandet. I 2024 har det vore ein auke i både talet på prosjekt og tilskot til investeringar i begge fylke samanlikna med året før.

I Vestland er det løyvt tilskot på til saman 105,5 millionar kroner til 39 investeringsprosjekt innan mjølkeproduksjon.

I jordbruksoppgjeret i 2023 blei det bestemt å setta av ein nasjonal pott på 100 millionar kroner til lausdriftproduksjon i fylke som hadde brukt opp sine eigne fylkesrammer. Allereie i juni var den nasjonale potten brukt opp til lausdriftstinvesteringar i Møre og Romsdal på 10 millionar (2 prosjekt) og i Rogaland på 90 millionar (24 prosjekt).