Tilstandsanalyse av det norske demokratiet

– I møte med nye samfunnsutfordringar og i ei tid der demokratiet går tilbake i mange land, må vi sørge for å ha god og oppdatert kunnskap om korleis tilstanden er for demokratiet i vårt eige land. Det gir oss eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med å ta vare på og styrke demokratiet, seier kommunal- og distriktminister Sigbjørn Gjelsvik.

I dag får kommunal- og distriktminister Sigbjørn Gjelsvik overrekt ein forskingsrapport om tilstanden til det norske demokratiet. Tilstandsanalysen er basert på eit omfattande datamateriale, og blir offentleggjort på eit arrangement på Arendalsveka.

– Så vidt vi veit, finst det ikkje tilsvarande heilskaplege og rikhaldige datasett om demokratiet verken i Noreg eller i andre land, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktdepartementet har teke initiativ til å få utvikla tilstandsanalysen. Demokratiet blir målt breitt, ut frå fem ulike demokratidimensjonar som dekkjer alle sider ved eit demokrati. Vidare omfattar analysen alle nivå; nasjonalt, regionalt og lokalt. Forskarane har også utvikla mål på demokrati som er betre eigna til å synleggjere styrkjer og sårbarheiter i høgkvalitetsdemokrati som dei nordiske landa, enn eksisterande mål.

– Tilstandsanalysen er eit nybrottsarbeid som gir oss eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med korleis vi skal bevare dei sterke sidene ved demokratiet og styrke oss der vi kan bli betre. Vi skal setje oss grundig inn i resultata, og vil leggje det fram for Stortinget på ein eigna måte, seier statsråden.

Arbeidet er gjennomført av ei gruppe demokratiforskarar ved Universitetet i Oslo.

– At vi no har fått utvikla ein så brei og på same tid så nyansert tilstandsanalyse av det norske demokratiet, gir oss moglegheit til å følgje tett med på utviklinga av tilstanden i heile demokratiet vårt over tid. Det gjer at vi kan fange opp sårbarheiter tidleg, og setje inn tiltak mot nye utfordringar som kan dukke opp.

Oppdraget frå Kommunal- og distriktdepartementet har i tillegg gått ut på å utvikle ein ny målemetode, som skal gi ei heilskapleg, brei og nyansert analyse av tilstanden til det norske demokratiet dei siste 5-7 åra. Utviklinga av sjølve målemetoden er eit innovativt og ambisiøst utviklingsarbeid som har lege i oppdraget.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00