Revidert nasjonalbudsjett:
Tiltaksplan for meir solkraft
Pressemelding | Dato: 14.05.2024 | Energidepartementet
Solkraft er eit viktig bidrag til meir fornybar energi. I revidert nasjonalbudsjett presenterer regjeringa ein plan for å leggje til rette for meir og raskare utbygging av solkraft ved å forbetre konsesjonsprosessane og leggje til rette for betre lønnsemd for solcelleanlegg i næringsområde.
– Sola er ei viktig fornybar energikilde som me ønskjer å utnytte betre. Me jobbar for å betre lønnsemda for lokal straumproduksjon, for eksempel solcelleanlegg på taket til store næringsbygg. Me veit at bygningsmontert solkraft kan realiserast raskt og bør byggjast ut der forholda legg til rette for det. Solanlegg på tak kan også gi straumkundar lågare straumkostnader, seier energiminister Terje Aasland.
Regjeringa har tatt ei rekkje grep som kan bidra til meir solkraft, blant anna ved å styrkje energimyndigheitene og ved å leggje fram ein handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. For at konsesjonsprosessen for solkraft skal bli meir smidig, arbeider departementet no med eit høyringsnotat om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraft. I tillegg følgjer regjeringa opp innspela til høyringsnotatet om å innlemme solkraftanlegg i plan- og bygningslova.
– Me jobbar med ei regelendring som gjer at solkraftverk opp til ein viss storleik kan godkjennast direkte av kommunane. Me ønskjer at kommunane skal ha meir makt i solkraftsaker, då det er dei som har skoa på og kjenner dei lokale forholda best, seier Aasland.
Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har på oppdrag fra Energidepartementet utgreia ei løysing som legg til rette for deling av fornybar straum i næringsområde. Energidepartementet og Finansdepartementet har gitt RME og Skattedirektoratet i oppdrag å utgreie delingsordninga vidare, med frist 1. juni. Regjeringa er opptatt av rask framdrift og vil kome tilbake til saka så snart som mogleg.
Når det gjeld forslaget frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraft, vil regjeringa gjere ei vurdering av dette før forslaget eventuelt blir sendt på høyring.
Regjeringa har hatt eit lovforslag på høyring om å innlemme solkraftanlegg i plan- og bygningslova, og det blir no jobba vidare med å følgje opp innspela frå høyringa.
Tiltaksplan for auka utbygging av solenergi og lokal energiproduksjon
Regjeringa vil leggje til rette for ei samfunnsmessig rasjonell innfasing av solenergi og lokal energiproduksjon, og arbeider med ei rekkje tiltak:
- Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har på oppdrag frå Energidepartementet utgreia ei løysing som legg til rette for deling av fornybar straum i næringsområde. Energidepartementet og Finansdepartementet har gitt RME og Skattedirektoratet i oppdrag å utgreie delingsordninga vidare, med frist 1. juni. Regjeringa er opptatt av rask framdrift og vil kome tilbake til saka så snart som mogleg.
- Energidepartementet, i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet, har hatt på høyring eit forslag om å innlemme solkraft i plan- og bygningslova, Høyringsinnspela og korleis forslaget skal følgjast opp blir no vurdert.
- Klima- og miljødepartementet, i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet og Energidepartementet, har hatt på høyring og tar sikte på å vedta forslag til endringar for å innlemme solkraftverk i forskrift om konsekvensutgreiingar. Forskriftsendringa inneheld også endringar i krav om meldeplikt for nye nettanlegg med spenning på 132 kV eller høgare.
- Energidepartementet tar sikte på å innføre ei eiga effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg, og vil sende eit forslag om endringar i energilovforskrifta på høyring. Innslagspunktet for konsesjonsplikt vil vere høgare enn det som følgjer av gjeldande regulering.
- Energidepartementet vurderer eit forslag om endring i regelverk om tilknytingsplikt for områdekonsesjonærar når det gjeld produksjonsanlegg.
- Finansdepartementet vurderer skatteendringar for sal av overskotsstraum frå private bustader. Formålet med forslaget er å leggje til rette for eit praktikabelt regelverk for skattlegging av strauminntekter og meir føreseielege rammevilkår for investering i fornybare produksjonsanlegg knytt til privatbustader og fritidsbustader. Forslaga skal sendast på høyring våren 2024, med sikte på at særreglar kan leggjast fram i statsbudsjettet for 2025. Fram til nye reglar er på plass, vil Skatteetaten unnlate å skattleggje inntekter ved sal av overskotsstraum frå solcelleanlegg i bustader, for 2023 og tidlegare år.
- Løyvinga til Enova si satsing på energitiltak blei auka med 880 millionar kroner for 2024. Midlane skal i hovudsak brukast til å styrkje Enova si satsing på energitiltak i yrkesbygg og bustader, og solenergi inngår som eit mogleg energitiltak.
- Regjeringa har vidareført og styrkt Husbanken si støtteordning til energitiltak i kommunalt eigde utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. Solvarmekollektor og solceller er blant tiltaka som kan få støtte.
- Kommunal- og distriktsdepartementet vurderer moglegheita for unntak frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova for solenergianlegg på bygningar.
- Kommunal- og distriktsdepartementet ser på moglegheita for å setje krav om lokal energiproduksjon i samband med større nye næringsbygg.
- Det framgår av handlingsplanen for energieffektivisering at byggeprosjekt i statleg sivil sektor skal inkludere lokal fornybar energiproduksjon, inkludert fjernvarme og overskotsvarme, når det er lønnsamt.
- Statsbygg har over tid jobba med energieffektivisering og -produksjon på statlege eigedomar. I 2023 sette Statsbygg i gang nye solcelleanlegg med estimert energiproduksjon 1–1,5 GWh.
- Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet arbeider med å kartleggje potensialet for energieffektivisering og lokal fornybar energiproduksjon på fast eigedom i statleg sivil sektor.
- Nærings- og fiskeridepartementet arbeider med ein strategi for solindustrien.
- Energidepartementet vil gå i dialog med NVE om vidare arbeid med å kartleggje potensialet for solkraft i Noreg, inkludert potensialet på nedbygde areal.
- Energidepartementet vil gi Statnett i oppdrag å vurdere systemverknader og tiltak for å håndtere ei aukande innfasing av solkraft i det norske kraftsystemet.