Tok imot utbyggingsplan for olje- og gassfeltet Bestla

OKEA overleverte i dag plan for utbygging og drift (PUD) for olje- og gassfeltet Bestla til energiminister Terje Aasland. Bestla skal knytast til Brage-plattforma, og skaper nye moglegheiter for forlenging av levetida til Brage-feltet. Totale investeringar for utbygginga er anslått til om lag 6,3 milliardar kroner.

Energiminister Terje Aasland mottar plan for utbygging og drift for olje- og gassfeltet Bestla. På bildet ser man statsråden sammen med representanter fra OKEA og partnere.
Energiminister Terje Aasland har mottatt plan for utbygging og drift for Eirin-feltet fra operatør OKEA og partnere DNO Norge, Lime Petroleum, og M Vest Energy. Fra venstre: Lars Hubert (Lime Petroleum), Jon Are Nilsen (OKEA), Kyrre Flatval (OKEA), Gina Buer (OKEA), Steinar Boge (OKEA), energiminister Terje Aasland, Jonny Hesthammer (M Vest Energy), Svein Jakob Liknes (OKEA) og Elisabeth Femsteinevik (DNO Norge). Foto: Fanny Løvholm/Energidepartementet

– Det er imponerande å sjå korleis selskapa har klart å finne gode løysingar for å etablere ei lønsam utbygging av Bestla. Dette er verdifulle tilleggsressursar også for vertsfeltet Brage, og utbygginga vil bidra med store verdiar til fellesskapet, seier energiminister Terje Aasland.

Bestla er eit olje- og gassfunn i den nordlege delen av Nordsjøen, sør for Brage-feltet. OKEA og dei andre rettshavarane vil byggje ut Bestla som eit undervassfelt knytt til Brage-plattforma. OKEA tok over som operatør for Brage-feltet i 2022.

Utbygginga av Bestla gir god utnytting av eksisterande infrastrukturen og kan gi nye moglegheiter for forlenga levetid for Brage-feltet. Ei slik forlenga levetid kan bidra med ytterlegare verdiar for både rettshavarane og staten. Planlagt produksjonsstart for Bestla er i første halvår 2027. Dei forventa utvinnbare ressursane er berekna til 24 millionar fat oljeekvivalentar.

OKEA er operatør for Bestla (39,28 prosent). Dei andre rettshavarane er DNO Norge AS (39,28 prosent), Lime Petroleum AS (17 prosent) og M Vest Energy AS (4,42 prosent).

Dette er den første planen for utbygging og drift energiministeren har tatt imot i år.

– Verda treng olje og gass i mange år framover og derfor er det viktig at selskapa held fram med å modne fram nye prosjekt og bidrar til å leggje grunnlaget for langsiktig petroleumsaktivitet på sokkelen, seier Aasland.

Bakgrunn

Bestla er eit olje- og gassfunn som blei påvist i 2016, 13 km sør for Brage-feltet.

Utbyggingsløysinga er brønnramme på havbotnen som er kopla til Brage-plattforma. Det er planlagt to produksjonsbrønnar, og olje og gass vil bli prosessert på Brage før vidare transport gjennom eksisterande infrastruktur. Olje vil bli eksportert via røyr til Oseberg og vidare til Stureterminalen. Gass vil bli eksportert via røyr til Statpipe og vidare til Kårstø.

Rettshavarane anslår at om lag 70 prosent av investeringane i prosjektet vil gå til norske leverandørar. Totale sysselsettingsverknader er berekna til like under 2100 årsverk, der dei største verknadene kjem i utbyggingsperioden.