Tømmertransporten skal fram på utbetra vegar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 30/19 | Dato: 20.03.2019
- Flaskehalsar, til dømes i form av bruer som ikkje toler dei tyngste tømmervogntoga, gjer transport av tømmer langs smale vegar i Noreg tungvint. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner til å utbetre fylkesvegar med mykje tømmertransport. Utbetring av flaskehalsane vil styrke konkurransekrafta i skog- og trenæringa gjennom lågare transportkostnadar, gi færre lastebilar på vegane og betre miljø, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.
Oppdatert 22.03.2019
Fylkesveg 817 rettet til fylkesveg 17 i tabellen.
Transport av tømmer utgjer ein stor del av råvarekostnadene til industrien. Reduserte transportkostnadar kan gi vinstar både for skogeigarar og industri.
- Store delar av vegnettet er no opna for tømmervogntog på 60 tonn. Ved å auke lasta på tømmerbilane kan talet på bilar minske med ein firedel. Dette vil gi reduserte klimagassutslepp og minska energibruk. Likevel fører nokre få flaskehalsar som ikkje toler 60 tonn til at tømmernæringa somme stadar må køyre med lettare last. Derfor fordeler vi no 25 millionar kroner i tilskot til fylkeskommunane for å utbetre flaskehalsar på fylkesvegnettet, seier Dale.
Det er lagt opp til å finansiere forsterking av mindre bruer slik at desse toler 60 tonn totalvekt. Pengane vert fordelt etter forslag frå Statens vegvesen som har fått innspel frå skognæringa. Tre av bruene som skal bli forsterka, Steinsbrua i Østfold, Skaue bru i Vest-Agder og Resa bru i Trøndelag, er blant dei største flaskehalsane for tømmertransporten.
Noregs skogeigarforbund anslår at utbetringane vil kunne gi årlege innsparingar for tømmertransporten på om lag 4 millionar kroner. Tal frå Landbruksdirektoratet visar at det vart selt 10.95 millionar kubikkmeter tømmer til industrien i 2018. Avverkinga i 2018 er den høgaste som nokon gong er registret i Noreg.
Regjeringa si satsing på veg og kai har styrka konkurransekrafta i skog- og trenæringa. I perioden 2014 til 2018 er det løyva rundt 760 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket. Av dette er omlag 525 mill. kroner til skogsveger og 235 mill. kroner til tømmerkaier. Strategisk plasserte tømmerkaier er viktig for å få transportert tømmer frå skogen og fram til foredlingsindustrien.
Tabellen nedanfor viser fordelinga for 2019.
Brunamn |
Fylke |
Kostnadsoverslag (mill. kr) |
Fv 21 Steinsbrua |
Østfold |
5,7 |
Fv 700 Resa bru |
Trøndelag |
2,5 |
Fv 813 Vesterli bru |
Nordland |
2,0 |
Fv 152 Sagstu bru |
Aust-Agder |
5,1 |
Fv 406 Fidje bru |
Aust-Agder |
4,2 |
Fv 455 Homme bru |
Vest-Agder |
1,4 |
Fv 455 Skaue bru |
Vest-Agder |
0,2 |
Fv 237 Løkenkvern bru |
Hedmark |
0,9 |
Fv 17 Folda bru |
Trøndelag |
3,0 (til delfinansiering) |