Trygve Ottersen blir ny direktør for Direktoratet for medisinske produkt

Trygve Ottersen (41) er i statsråd i dag oppnemnd som ny direktør i Direktoratet for medisinsk produkt (DMP). Ottersen gjekk i juni i år inn i stillinga som fungerande assisterande direktør i DMP.

Mellom 2021 og 2024 var han områdedirektør for smittevern i Folkehelseinstituttet.

– Eg ser fram til å leie direktoratet med mange nye oppgåver og eit enda viktigare samfunnsoppdrag. Det er ei krevjande, men svært meiningsfylt oppgåve, seier Ottersen.

– Eg vil gratulere Ottersen med ein av helse-Noregs mest spanande jobbar. Ottersen har markert seg som ein kapasitet innan smittevern og beredskap. Eg gler meg derfor til å samarbeide med han og DMP i tida framover, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Bakgrunn frå Folkehelseinstituttet

Ottersen har bakgrunn frå Folkehelseinstituttet, der han i 2014 begynte som forskar før han i 2017 gjekk inn i stillinga som områdedirektør for helsetenester.

Ottersen er lege med doktorgrad og har hatt en rekke internasjonale engasjement mellom anna hjå FN si spesialutsending for ebola. Vidare har han vore forskar ved Universitetet i Bergen i perioden 2012 – 2016 og førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo frå februar 2016.

Overtar eit nytt, men gamalt direktorat

DMP blei oppretta 1. januar 2024, men er ei vidareføring av Statens legemiddelverk som har ei historie tilbake til 1974. I tillegg overtok DMP frå nyttår av ansvaret for blod, celler og vev frå Helsedirektoratet, og metodevurdering av medisinsk utstyr og vaksinar samt anskaffingar av vaksinar frå Folkehelseinstituttet. Vidare fekk direktoratet eit tydelegare og større oppdrag innan forsyningssikkerheit og beredskap.

– Månadene eg har vore i direktoratet til no har gjort ønsket om å bidra til den vidare utviklinga enda sterkere. Kompetansen og engasjementet hjå alle her gjer at eg har stor tru på at vi vil lukkast med det nye, større oppdraget, seier Ottersen.

– Feltet er i stor utvikling, og dei neste åra blir spesielt viktige. Vi skal utvikle direktoratet, hjelpe Noreg med å møte store utfordringar og gripe dei moglegheitene som finst. Vi skal vere pådrivar for betre forsyningssikkerheit og beredskap, berekraft i helsetenesten, europeisk samarbeid og bruk av nye innovasjonar til det beste for pasientar og befolkning.