Tvinnereim gratulerer Raymond Johansen som ny sjef for Norsk Folkehjelp

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Eg vil gratulere Raymond Johansen og Norsk Folkehjelp med val av ny generalsekretær, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Det blei i dag klart at Norsk Folkehjelp har tilsett Raymond Johansen som ny generalsekretær, og sjef for ein av Noregs viktigaste humanitære organisasjonar.

– Eg set pris på samarbeidet med Norsk Folkehjelp for å redde liv, lindre nød og sikre humanitært vern av sivile i kriser og konfliktar. Arbeidet Folkehjelpa gjer kvar dag betyr mykje, både for dei som får hjelp og for oss som samarbeidspartnar, seier Tvinnereim.

Norsk Folkehjelp jobbar i 26 land med mellom anna vern av menneske mot landminer, med matvaretryggleik og program mot seksuell og kjønnsbasert vald. Organisasjonen bidreg òg med viktig arbeid for demokrati og likeverdig utvikling.

– Dei siste åra har dei humanitære behova i verda auka sjølv om dei humanitære budsjetta til givarlanda aldri har vore større. Vi treng gode strategiske partnarar som Norsk Folkehjelp for å nå dei som treng det. Eg ønskjer derfor Johansen alt godt i det viktige arbeidet framover og ser fram til eit godt samarbeid, seier Tvinnereim.