Tysklands forbundspresident besøkjer Noreg

Stad:

Tysklands forbundspresident Frank-Walter Steinmeier besøkjer Noreg.

Tysklands forbundspresident Frank-Walter Steinmeier besøkjer Noreg.

Torsdag 4. november kl. 17.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter forbundspresident Frank-Walter Steinmeier på Statsministerens kontor. Ein fotopool som består av TV2, NRK og NTB har høve til å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id. Stad: Glacisgata 1.

Steinmeier og Støre vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 18.15. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 17.50.

Fredag 5. november kl. 09.00: Forbundspresident Steinmeier og statsminister Støre besøkjer Utøya.

Presse som ønsker å dekkje dette, møter ved Utstranda, kl. 0745 for å ta båten over til Utøya. Transport tilbake frå Utøya, ca. kl. 09.20.

Fredag 5. november kl. 14.00: Forbundspresident Frank-Walter Steinmeier og statsminister Jonas Gahr Støre deltek i ein panelsamtale om demokrati, behovet for å engasjere ungdom i politikken og trusselen frå ekstremisme og hatefulle ytringar i Universitetets aula, Karl Johans gate 47.

Presse som ønskjer å delta på eit eller fleire av desse arrangementa må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 3. november kl. 12. Spesifiser kva du ønsker å delta på.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.