Uaktuelt med statleg plan – vetoretten består
Tale/innlegg | Dato: 08.11.2024 | Energidepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet
Av: Kommunal- og distriktsminister Erling Sande, Energiminister Terje Aasland (Innlegg i Firda)
Å seie ja til konsekvensutgreiing av eit vindkraftverk kan ende opp med eit ja mot viljen til kommunen, skriv avisa Firda 29. oktober. Denne påstanden vil me tilbakevise.
Firda skriv om rettleiaren for kommunane som regjeringa la fram i sommar, om korleis kommunane må gjennomføre ei planavklaring av område for vindkraftanlegg før det kan givast konsesjon etter energilova. Ifølgje Firda står det i rettleiaren at eit vindkraftprosjekt kan avklarast som statleg reguleringsplan viss andre samfunnsmessige omsyn tilseier det. Det blir også hevda at den samfunnsmessige nytten ikkje blir klargjord utan at kommunane seier ja til ei konsekvensutgreiing.
La oss vere klare på at statleg reguleringsplan for vindkraft i praksis vil vere uaktuelt. Kommunane har og skal ha siste ordet i spørsmålet om det skal byggjast ut eit vindkraftverk eller ikkje. Kommunane styrer no kva prosjekt dei vil ta vidare til planbehandling, og NVE kan ikkje gi konsesjon til eit vindkraftprosjekt utan at det aktuelle området er planavklart.
Formålet med endringane i energilova og plan- og bygningslova som tredde i kraft 1. juli 2023, var å styrkje rolla til kommunane i prosessar knytt til vindkraft på land, og sørgje for betre forankring av vindkraft lokalt på eit tidleg stadium.
Samtidig vart det føresett at konsesjonsbehandlinga av vindkraft framleis skulle bestå som ei heilskapleg samfunnsøkonomisk avveging av alle fordelar og ulemper ved prosjektet, under dette avveging av både lokale, regionale og nasjonale omsyn. Synet til kommunen på prosjektet er eit viktig omsyn i konsesjonsprosessen. Det er likevel ingen automatikk i at det skal gis konsesjon etter energilova sjølv om kommunen er positiv til eit vindkraftprosjekt.
Regjeringa vil jobbe med og ikkje mot kommunane i utviklinga av nye vindkraftprosjekt, og har lagt fram dei nemnde endringane i lovverket nettopp for å styrke rolla til kommunen i behandlinga. Det meiner me er viktig for å skape legitimitet om eit prosjekt lokalt.
Samtidig er det viktig å understreke at me treng meir fornybar kraft viss me skal sikre rimeleg straum til folk og bedrifter også i framtida. Det er viktig for å skape og halde på arbeidsplassar i heile landet, og kutte klimagassutsleppa når stadig meir av samfunnet skal elektrifiserast. Her har vi tillit til at kommunane forvalter den myndigheita dei no har til å behandle vindkraft etter plan- og bygningslova, på ein god måte.