Undersøking: bekymring om barns digitale liv
Nyheit | Dato: 17.11.2023 | Barne- og familiedepartementet
Mange foreldre har bekymringar i samband med barn sine aktivitetar på nett, syner ei undersøking departementet har gjennomført. Undersøkinga skal nyttast i departementets arbeidet med barns digitale oppvekst.
– Den digitale utviklinga gir nye moglegheiter på mange område, men òg nye utfordringar som vi ikkje heilt kan sjå konsekvensane av akkurat no. Eg er opptatt av å lytte til barna og foreldra på dette feltet, og tek utfordringane og bekymringane som undersøkinga løfter på alvor, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Spørjeundersøkinga som Barne- og familiedepartementet har fått gjennomført, viser at over halvparten av foreldra som deltok i undersøkinga har bekymringar i samband med sitt barn sin nettbruk. Av dei foreldra som svarar at dei er bekymra, så seier 81% at dei er bekymra for «mobbing» og «kontakt med andre med vonde hensikter».
Viktig dialog
Sjølv om foreldre i stor grad svarar at dei snakkar med barna sine om kva barna opplever på digitale flater (7 av 10 foreldre), så svarar 57 prosent av barna at dei sjeldan snakkar med foreldra sine om kva dei gjer på nett.
– Gapet mellom kva foreldre og barn svarer på spørsmål «om dei snakkar saman om kva barna opplever på nett» er eit tankekors. Det er viktig at foreldre er nysgjerrige og snakkar med barna om kva dei opplever på nettet. For barn kan ei oppleving i eit dataspel vera vel så viktig som ei oppleving på fotballbanen, seier Toppe.
Stortingsmelding om trygg digital oppvekst
Barne- og familiedepartementet arbeider med ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst. Sentralt for arbeidet med stortingsmeldinga er barn og unges rettar.
– Eg er oppteken av at barn sine rettar blir teke omsyn til. Desse rettane gjeld òg i den digitale verda. Føremålet med meldinga er å få ein meir heilskapleg politikk på området. Departementa må samarbeide for at barn og unge skal få ein tryggare digital oppvekst, seier Toppe.
Regjeringa har satt ned eit utval som skal sjå på konsekvensane av barn og unge sin skjermbruk. Utvalet skal gi regjeringa eit betre kunnskapsgrunnlag om korleis barn og unge sin skjermbruk i barnehage, skule og fritid påverkar helse, livskvalitet, læring og oppvekst. Dette vil vera viktig kunnskap for vidare utvikling av politikk og tiltak.
Les rapporten med alle resultata frå undersøkinga (PDF).
701 foreldre som har barn i alderen 4-17 år og 1017 barn inntil 17 år har svart på undersøkinga.
Her er nokon av hovudfunna i undersøkinga:
- Foreldre er bekymra for barna sine på nett: Over halvparten av foreldra som deltok i undersøkinga svarar at dei har bekymringar i samband med sitt barn sine aktivitetar på nett. Av dei foreldra som svarer at dei er bekymra, så svarar 81 prosent at dei er bekymra for «mobbing» og «kontakt med andre med vonde intensjonar».
- Dialog mellom foreldre og barn om kva barna gjer på nett: Det er eit gap mellom det foreldre og barn svarar når dei blir spurt om dei snakkar saman om kva barna opplever på nett. 7/10 foreldre svarar at dei snakkar med barna sine om kva barna opplever på nett. 57 prosent av barna svarar at dei sjeldan snakkar med foreldra sine om kva dei gjer på nett.
- Foreldre svarar at dei har eit behov for informasjon/rettleiing: 30 prosent av foreldra som deltok i undersøkinga svarar at dei manglar kunnskap for å følgja opp barna sine nettaktivitetar.