Ungdomssatsing for jakt for unge treffer blink
Nyheit | Dato: 30.09.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Statskog si ungdsomssatsing har blitt omfamna over heile landet. Over 200 ungdommar står i kø for å få tilgang til attraktive jaktfelt rundt om kring i Noreg.
Over halvparten av elgjegerar i Noreg er over 50 år. I vår bestemde Statskog seg for å satsa på ungdommen og har halde av 13 attraktive jaktfelt ulike stader i Noreg åt dei.
– Over 200 ungdommar står no på venteliste knytt til desse felta. Det er eigentleg trist at me ikkje får gjeve dei moglegheit, men samstundes gjev det håp for framtida til elgjakta, seier fagsjef for jakt og fiske Jo Breisjøberget i Statskog.
- Les meir hjå Ungdomssatsing treffer blink | Statskog
Totalt 13 elgjakttilbod blei øyremerkte til ungdomslag. 44 søkte, og 13 av dei vann trekninga. Til saman dreier det seg om 75 jegerar. Ein av ti av dei er kvinner, noko som er eit høgare tal enn vanleg.
– Dette blei nesten betre enn me torde å håpa på. Me var spente på mottakinga, og den massive responsen er utruleg gøy, seier Breisjøberget.
Staten eig store areal med skog og utmark – om lag ein femtedel av Fastlands-Noreg. All statseigd skog og utmark blir forvalta av Statskog, som dermed er den største grunneigaren i Noreg.
I 2018 overtok Landbruks- og matdepartementet ansvaret for den delen av forvaltninga som gjeld haustbare viltressursar. Det vil seia artar ein kan jakta på. Bakgrunnen for det var mellom anna moglegheita for å styrka næringsutviklinga basert på berekraftig bruk av utmarksressursane.