Universitetet i Stavanger vant lærlingpris
Pressemelding | Dato: 21.05.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Kunnskapsdepartementet
Universitetet i Stavanger (UiS) fekk i dag overrekt prisen for beste statlege lærebedrift i 2023.
– Noreg er i omstilling og kan trenge 90.000 fleire fagarbeidarar innan 2035. Derfor er det veldig viktig at både næringsliv og statlege verksemder går føre som gode lærebedrifter. Lærlingar som lærer og trivst på arbeidsplassen, blir både meir motiverte og betre tilsette. Det er vinn-vinn. Universitetet i Stavanger har jobba godt over lengre tid med læringarbeidet sitt. I år er dei best i klassen, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) som i dag delte ut prisen i Stavanger.
UiS utmerker seg ved at dei har sett lærlingarbeidet i system. Dei arbeider systematisk med å rekruttere nye lærlingar og gjere UiS til ei attraktiv lærebedrift. Faglege leiarar blir meld på lokale kurs for at dei skal bli best mogleg rusta for å ta vare på velferda og utviklinga til lærlingane. Dei arrangerer òg samlingar om vegen vidare etter læretida, der tema er alt frå søknads- og CV-skriving til vidare karrieremoglegheiter.
– Med denne prisen ønskjer vi å løfte fram gode eksempel på rekruttering og oppfølging av lærlingar. Eg håpar fleire lar seg inspirere av den solide jobben UiS har gjort, og at dei bretter opp ermene og rekrutterer mange lærlingar i året som kjem, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
Fekk 10 000 kroner
Prisvinnaren fekk eit diplom og 10 000 kroner, som universitetet kan bruke til å styrke ordninga.
Karoline Holmboe Høibo, direktør for organisasjon og infrastruktur ved UiS tok imot prisen på vegner av universitetet.
– Universitetet i Stavanger har hatt lærlingar i over 20 år, men vi tok eit strategisk val om å auke talet på lærlingar i 2016. Vi så dette som eit samfunnsansvar, og vi har erfart at lærlingane er ein fantastisk ressurs. Lærlingane representerer eit mangfald som styrker arbeidsmiljøet, og gir fagleg meirverdi gjennom nye perspektiv og idear. Mange av lærlingane har etter læretida blitt både studentar og tilsette hos oss. Prisen vi fekk i dag er ein viktig anerkjenning av det arbeidet vi har gjort for å etablere ordninga som eit verdsett tiltak i heile organisasjonen, seier Holmboe Høibo.
Om juryen
Juryen har bestått av representantar frå Kommunal- og distriktsdepartementet (Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet frå 01.01.24), Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Opplæringskontoret for statlege verksemder i Oslo og Akershus (OK stat). Andre nominerte til statens beste lærebedrift i 2023 var Miljødirektoratet og Kunsthøgskolen i Oslo.
Andre nominerte til statens beste lærebedrift i 2023 var Miljødirektoratet og Kunsthøgskolen i Oslo.
Tidlegere vinnarar
2022: Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (pressemelding)
2021:Forsvaret (pressemelding)
2020: Norsk Helsenett (pressemelding)
2019: Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) (pressemelding)
2018: Statsbygg (pressemelding)
2017: Universitetet i Bergen (pressemelding)
2016: NAV (pressemelding)