Utanriksminister Barth Eide besøkjer Brussel

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Espen Barth Eide reiser fredag 27. oktober til Brussel for møte med ulike EU-kommissærar og ein samtale med Natos generalsekretær, Jens Stoltenberg.

Det er første gong Barth Eide besøkjer Brussel sidan han tiltredde førre veke og eit av dei første besøka utanlands som ny utanriksminister. Barth Eide startar dagen med ein samtale med Natos generalsekretær. Han held fram med møte med EUs kommissær for krisehandtering, Janez Lenarcic og kommissær for klima, Wopke Hoekstra.

Det kan komme endringar i programmet. Presse som ønskjer å dekkje besøket, må ta kontakt.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa): ane.lunde@mfa.no, telefon 97 67 12 50.