Utanriksminister Barth Eide besøkjer Sør-Afrika 29. og 30. august
Pressemelding | Dato: 27.08.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide gjestar denne veka Cape Town og Pretoria. Viktige tema blir norske investeringar i grøn energi i Sør-Afrika og krigen i Gaza.
Torsdag 29. august møter han mellom anna medlemmer i utanrikskomiteen i den sørafrikanske nasjonalforsamlinga. I Cape Town møter utanriksministeren også norske bedrifter som er til stades i Sør-Afrika og sørafrikanske bedrifter som Noreg har investert gjennom Norfund. Noreg har gjort omfattande investeringar i utbygging av grøn energi i Sør-Afrika. Totalt har Norfund og Klimainvesteringsfondet dei forvaltar investert 2,3 milliardar kroner i fornybar energi i Sør-Afrika.
Fredag 30. august er utanriksministeren i Pretoria, for møte med Sør-Afrikas nye utanriksminister Ronald Lamola. På dagsordenen står mellom anna den spente situasjonen i Midtausten, krigen i Ukraina, konfliktar på det afrikanske kontinentet og multilateralt samarbeid for tryggleik, fred og utvikling. Utanriksministeren skal også besøkje University of South Africa der han treffer sørafrikanske studentar og skal snakke om geopolitiske spenningar, og korleis afrikanske og europeiske land kan styrkje samarbeidet for å møte utfordringane i framtida.
Det kan komme endringar i programmet.
Pressekontakt: Tuva Bogsnes (med på reisa): tuva.bogsnes@mfa.no, telefon 93 23 18 83.