Presseinformasjon:

Utanriksministeren besøkjer Berlin

Utanriksminister Espen Barth Eide møter Tyskland sin utanriksminister Annalena Baerbock i Berlin torsdag 14. mars.

Dei to vil mellom anna diskutere Russlands krig mot Ukraina, samarbeidet i Nato, situasjonen i Midtausten og andre tema av felles interesse.

Det blir planlagt ein felles pressekonferanse med dei to utanriksministrane i det tyske utanriksdepartementet ca. klokka 16 same dag.

Norske medium som ønskjer å dekkje besøket blir bedne kontakte kommunikasjonsrådgivar Mathias Rongved i Utanriksdepartementet, e-post mathias.rongved@mfa.no, telefon 97 56 52 58, innan fredag 8. mars kl. 17.