Utanriksministeren får utgreiing om EØS
Pressemelding | Dato: 03.04.2024 | Utanriksdepartementet
Utvalet som har gått gjennom erfaringane med EØS-avtalen leverer utgreiinga si til utanriksministeren torsdag 11. april.
Utanriksministeren får utgreiing om EØS.
Sjå sendinga her
I mai 2022 utnemnde regjeringa eit uavhengig utval som skulle vurdere erfaringane frå EØS-samarbeidet dei siste ti åra. Mandatet frå utvalet har òg vore å greie ut andre relevante avtalar Noreg har med EU, og å gi råd om korleis norske interesser best kan varetakast i samarbeidet med EU.
Utvalet har òg sett på erfaringane Storbritannia, Sveits og Canada har i samarbeidet sitt med EU. Utvalet er leidd av avdelingsleiar i Fellesforbundet Line Eldring.
Overrekkinga finn stad i Marmorhallen, Kongens gate 20, Oslo kl. 11.00.
Media som ønskjer å vere til stades må melde seg på til Mathias Rongved, mathias.rongved@mfa.no, innan tysdag 9. april kl. 15.00. Oppmøte seinast kl. 10.45 torsdag 11. april. Berekn tid til gjennomlysing av kamerautstyr. Hugs pressekort/foto-ID.