Utanriksministeren møter norske humanitære organisasjonar
Pressemelding | Dato: 13.12.2024 | Utanriksdepartementet
Temaet for møtet er den humanitære situasjonen som følgje av Russland sin krigføring mot Ukraina.
Utanriksministeren møter representantar for norske humanitære organisasjonar tysdag 17. desember klokka 10.00 i Utanriksdepartementet.
Russlands angrepskrig mot Ukraina fører til store sivile tap og lidingar, øydelegg grunnleggjande infrastruktur og driv befolkninga på flukt. Målet med Noregs humanitære innsats er å redde liv, lindre nød og verne sivile mot konsekvensane av krigshandlingane.
– Det er viktig for meg å møte dei norske humanitære organisasjonane for å få deira vurdering av situasjonen og dei humanitære behova i Ukraina, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Utanriksministeren er tilgjengeleg for media etter møtet.
Pressekontakt: Cecilie Skjennald, cecilie.skjennald@mfa.no, 92831858