Presseinformasjon:
Utanriksministeren møter sin finske kollega
Pressemelding | Dato: 04.08.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Anniken Huitfeldt tek imot sin finske kollega Elina Valtonen i Oslo 11. august.
Dei to ministrane skal mellom anna diskutere Russland sin krig mot Ukraina, samarbeidet i Nato, nordområda, grøn omstilling og andre tema.
Det blir ein kort pressetilgjengelegheit med dei to ministrane før møtet.
Stad: Utanriksdepartementet, 7. juni-plassen, Oslo.
Tid: 11. august kl. 09:45.
Oppmøte i hovudinngangen seinast kl. 09:30. Ta med gyldig legitimasjon.
Media som ønskjer å delta må melde seg på til Mathias Rongved, mathias.rongved@mfa.no, innan torsdag 10. august kl. 12.