Presseinformasjon:

Utanriksministeren reiser til Indonesia og Singapore

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Jakarta i samband med utanriksministermøtet i Organisasjonen for søraust-asiatiske land (Asean) 13. og 14. juli. Ho besøkjer òg Singapore 15. juli for politiske samtalar.

Det årlege utanriksministermøtet i Organisasjonen for søraust-asiatiske land (Asean) er ein sentral møteplass for dialog med landa i Søraust-Asia. Huitfeldt skal møte utanriksministrar frå fleire land, mellom anna Indonesia, Vietnam, Malaysia og Laos. Ho skal også møte Aseans generalsekretær Kao Kim Hourn. Noreg inngjekk eit formelt partnarskap med Asean i 2015.

– Partnarskapet med Asean er viktig for Noreg. Det er ein sentral møteplass som gir høve til å styrkje samarbeidet med landa i Søraust-Asia og diskutere aktuelle internasjonale og regionale spørsmål, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Huitfeldt skal òg delta på eit arrangement om kvinner, fred og tryggleik.

I Singapore skal Huitfeldt mellom anna møte utanriksminister Vivian Balakrishnan, og delta på eit møte i Sjømannskyrkja med norsk næringsliv i Singapore.

 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 917 17 459, media@mfa.no.