Presseinformasjon:
Utanriksministeren skal delta på Gaza-møte i FN
Pressemelding | Dato: 17.01.2024 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på møte i FN i New York måndag 22. og tysdag 23. januar.
Utanriksministeren skal halde innlegg på Tryggingsrådets opne debatt om situasjonen i Midtausten. Møtet i Tryggingsrådet kan følgjast på UN Web TV. Der vil det òg vere mogleg å følgje utanriksministeren og dei andre deltakarane sine kommentarar for pressa. I tillegg vil utanriksministeren ha fleire bilaterale møte i samband med besøket i FN.
Pressekontakt: Mariken Harbitz (med på reisa) mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99093538