Utanriksministeren til Brussel
Pressemelding | Dato: 17.03.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser til Brussel måndag 20. mars. Ho skal mellom anna delta på givarkonferansen etter jordskjelva i Tyrkia og Syria.
Sverige leiar Rådet for Den europeiske union og har tatt initiativ til ein givarlandskonferanse i Brussel for å støtte Tyrkia og Syria etter jordskjelvkatastrofen. Utanriksministeren vil delta på konferansen, som den svenske statsministeren leiar saman med EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen.
– Jordskjelvkatastrofen har ført til enorme lidingar og øydeleggingar. Mykje hjelp har komme fram, og det har vært viktig. Men behova vil vere store i lang tid framover, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.
Huitfeldt skal òg delta på det europeiske humanitære forumet som finn stad same dag. I tillegg skal ho møte fleire EU-kommissærar og andre leiarar frå humanitære organisasjonar.
Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, rhs@mfa.no, mobil 917 17 459.