Presseinformasjon:

Utanriksministeren til Canada

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser til Ottawa 9. – 10. mars.

Ho skal mellom anna møte den canadiske utanriksministeren Mélanie Joly.

– Vi vil snakke om støtta til Ukraina, samarbeidet i Arktis, Nato, transatlantisk tryggleik og det gode samarbeidet mellom Canada og Noreg, seier Huitfeldt.

Huitfeldt skal òg delta på eit møte om mangfald, fred og tryggleik i turbulente tider ved Global Centre for Pluralism.

Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, rhs@mfa.no , mobil 91 71 74 59.