Presseinformasjon:

Utanriksministeren til Kina

Utanriksminister Espen Barth Eide besøkjer Beijing og Shanghai 5. - 6. februar for politiske samtalar.

Samarbeidet mellom Noreg og Kina, globale spørsmål som klima og miljø, menneskerettar og aktuelle internasjonale spørsmål som krigen i Ukraina og situasjonen i Midtausten vil vere viktige tema for besøket.

– Det er viktig å ha regelmessig dialog med Kina, som ein av dei viktigaste aktørane innan internasjonal politikk og global økonomi. Dette besøket er eit godt høve til å diskutere spørsmål av felles interesse og fremje bodskap som er viktige for Noreg, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

I Kina skal Eide møte utanriksminister Wang Yi og ha samtaler med andre kinesiske myndighetspersoner. Han skal òg møte norsk næringsliv og studentar i Shanghai.

Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, mobil 91 71 74 59 (med på reisa).