Presseinformasjon:
Utanriksministeren til London og gjenoppbyggingskonferanse for Ukraina
Pressemelding | Dato: 16.06.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksministeren besøkjer London for å delta på Ukraine Recovery Conference 20.–22. juni.
Ukraina og Storbritannia er saman vertskap for konferansen. Formålet med arrangementet er å bringa saman det internasjonale samfunnet for å sikra god planlegging og koordinering mellom offentlege og private aktørar i eit felles krafttak for gjenoppbygging av Ukraina. Eit stort spenn av representantar frå styresmakter, multilaterale organisasjonar, privat sektor og sivilt samfunn er venta å delta.
– Ukraina har no vore i krig i 16 månader, og sjølv om mykje av statsapparatet fungerer oppsiktsvekkjande bra under krevjande omstende, treng dei hjelp til gjenoppbygginga. Denne konferansen gir oss eit unikt høve til å finna ut korleis styresmakter og næringsliv på tvers av landegrenser best mogleg kan bidra til dette. Norske styresmakter og norsk næringsliv står framleis sterkt samla for Ukraina, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.
Pressekontakt for utanriksministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Henrik Hoel, tlf. 48 13 61 94, e-post: henrik.hoel@mfa.no.
Presse som vil følgje utanriksministeren på heile eller delar av besøket, eller som ønskjer intervju, kan kontakte Henrik Hoel.