Utanriksministeren vitjar Paris og Brussel
Pressemelding | Dato: 16.05.2023 | Utanriksdepartementet
Utanriksminister Anniken Huitfeldt skal mellom anna møte Frankrikes utanriksminister og delta i EØS-rådet.
23. mai er utanriksminister Anniken Huitfeldt i Paris for eit møte med sin franske kollega Catherine Colonna. Dei to skal mellom anna diskutere Russlands krig mot Ukraina, dei komande NATO-møta i Oslo og Vilnius, og andre tema av felles interesse.
24. mai deltek utanriksministeren på det halvårlege møtet i EØS-rådet i Brussel. EØS-rådet er eit organ på politisk nivå for utveksling av synspunkt mellom EU og EØS/EFTA-landa på EØS-avtalen og sentrale saksområde. I samband med besøket vil ho òg ha møte med utanriksministrane frå EØS-landa Island og Liechtenstein.
I Brussel vil ho i tillegg møte Europakommisjonens visepresident Maroš Šefčovič og formannen for EU-parlamentets utanrikskomité, David McAllister.
Pressekontakt: Mathias Rongved, 975 65 258, mathias.rongved@mfa.no.