Respons 20. mars i Stavanger:

Utanrikspolitikk for næringslivet

Korleis bør utanrikspolitikken innrettast for å vareta norske økonomiske interesser, næringsliv og verdiskaping i ein meir komplisert handels- og tryggingspolitisk kontekst internasjonalt?

Desse spørsmåla skal klargjerast på ein konferanse onsdag 20. mars i regi av Stavanger Næringsforening og Universitetet i Stavanger i samarbeid med Utanriksdepartementet. Utanriksminister Espen Barth Eide deltek saman med statssekretær Tore O. Sandvik (Nærings- og fiskeridepartementet) og leiande aktørar i akademia og næringslivet.

Konferansen er ein del av UDs prosjekt «Respons – norsk utanrikspolitikk for ei ny tid».

Bakteppet for konferanseserien er Russlands invasjon av Ukraina og endringar i Europas tryggingspolitiske orden, aukande rivalisering og spenning mellom stormakter og utfordringar i det internasjonale samarbeidet, under dette knytt til klima, miljø, handel, utvikling og migrasjon. Konferansen i Stavanger vil ta for seg tre hovudelement:  

  1. Geopolitikk: betydninga av ein meir komplisert handels- og tryggingspolitikk – det store biletet
  2. Press på globale verdikjeder og auka sårbarheit 
  3. Grøn omstilling: utfordringar og moglegheiter for norsk verdiskaping

Regjeringa ønskjer at konferansen skal bidra med innspel til meldinga som no er under utarbeiding til Stortinget: korleis kan norsk handelspolitikk og verkemiddel for handel og investeringar bidra til grøn omstilling, både i Noreg og globalt?

Arrangementet kan følgjast på nett-tv frå kl. 09.00 på nettstaden til  Næringsforeningen i Stavanger (naeringsforeningen.no)