Helse- og sosialfagutdanningar for framtida
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 05.09.2017
Ny overordna rammeplan for helse- og sosialfagutdanningane sikrar at studentane blir betre førebudde på det som møter dei i arbeidslivet. No startar arbeidet med å utvikle retningslinjer for den einskilde utdanninga. Desse skal ta omsyn til den røyndommen som finst i helse- og velferdstenestene.
- Målet er å gjere studentane klare for kva som møter dei i arbeidslivet. Slik legg utdanningane grunnlaget for eit best mogeleg tilbod til dei som bruker tenestene, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Bjørn Haugstad.
Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet fastsatt ny rammeplan for alle dei 19 helse- og sosialfaglege grunnutdanningane.
Felles formål
Detaljerte forklaringar av kva studentane må gjennom ved den einskilde institusjonen, erstattast av ei felles forståing av formål, samt ei tydeleggjering av kva kompetanse det blir forventa at nye helse- og sosialfagarbeidarar har.
- Det er med på å sikre høg kvalitet på utdanningane, samtidig som vi bevarer fridomen for den einskilde utdanningsinstitusjonen, seier Haugstad.
Nytt styringssystem
Samtidig skal eit nytt styringssystem føre til at sektorstyresmaktene, utdanningane og tenestene får auka innverknad på det faglege innhaldet. Målet er å sikre brukaren sine behov for kvalitet i tenestene.
- Ved å lage ein overordna rammeplan, sikrar vi blant anna at alle kandidatar lærer om etiske problemstillingar, samanhengen mellom helse og levekår, mangfald og likestilling, samt barn og unge, seier Haugstad.
Det nye styringssystemet vil erstatte gamle rammeplanar med ein felles overordna, som også vil gjelde for dei elleve utdanningane som ikkje har rammeplanar i dag.
- Det har vore eit felles løft for å få dette på plass. Både dei som skal utdanne og dei skal tilsette, stiller seg bak arbeidet med å skape helse- og sosialfagutdanningar for framtida.
Forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar
RETHOS- utvikling av nasjonale retningelijer for helse- og soaialfagutdanninger