Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 10
Pressemelding | Dato: 01.03.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 4. mars
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med energiministeren i Storbritannia, Claire Coutinho. Møtet skulle opprinneleg vore gjennomført i januar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 5. mars
Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland deltek på fellesmøte mellom Arbeidarpartiet og Fellesforbundet. Tema for møtet er aktuelle energipolitiske saker. Møtet går føre seg på Stortinget.
Kl. 19.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein festmiddag i samband med at Ekofisk-komiteen fyller 50 år. Ekofisk-komiteen var den første fagforeininga på norsk sokkel. Middagen går føre seg på Quality Airport Hotel Stavanger. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eivind Windingstad Stensrud, telefon 97 67 40 74, e-post eivind-windingstad.stensrud@ed.dep.no.
Onsdag 6. mars
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Havindustritilsynets innovasjonsdag, der han skal snakke om kunstig intelligens i energibransjen. Konferansen går føre seg på Solastranden Gård. Adresse: Nordsjøvegen 299, Ræge. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eivind Windingstad Stensrud, telefon 97 67 40 74, e-post eivind-windingstad.stensrud@ed.dep.no.
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på årsmøtet til Industri Energi Equinor, som er fagforeininga for dei som jobbar for Equinor på norsk sokkel. Stad: Clarion Hotel Stavanger, Arne Rettedals gate 14. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eivind Windingstad Stensrud, telefon 97 67 40 74, e-post eivind-windingstad.stensrud@ed.dep.no.
Kl. 20.00: Energiminister Terje Aasland og EUs energikommisær Kadri Simson deltek på ein middag i regi av Yara. Middagen går føre seg på Adminiet i Porsgrunn.
Torsdag 7. mars
Energiminister Terje Aasland deltek når EUs energikommisær Kadri Simson besøkjer Noreg. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 08.45: Aasland og Simson besøkjer Heidelberg Materials i Brevik, der dei får ei orientering om det pågåande arbeidet med CO2-fangst. Adresse: Setrevegen 2, Brevik. Presse som ønskjer å delta på besøket kan kontakte Pia Prestmo i Heidelberg Materials, telefon 92 01 02 22, e-post pia.prestmo@heidelbergmaterials.com.
Kl. 11.30: Aasland og Simson besøkjer Vinje kraftverk i Vinje kommune i Telemark. Presse som ønskjer å delta på besøket til kraftverket kan kontakte Mie Holmås i Statkraft, telefon 98 03 17 14, e-post mie.holmas@statkraft.com.
Kl. 15.00: Aasland og Simson deltek på årskonferansen til Offshore Norge. Konferansen går føre seg på Skur 13 i Oslo.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.
Fredag 8. mars
Kl. 08.15: Energiminister Terje Aasland deltek på ein toppleiarkonferanse for den nordiske fornybarnæringa. Konferansen går føre seg på Lysebu i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer bedrifta Moreld Agility i Skien. Adresse: Havnevegen 31, Skien. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.