Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 11
Pressemelding | Dato: 11.03.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Tysdag 12. og onsdag 13. mars
Energiminister Terje Aasland er til stades når regjeringa startar budsjettarbeidet for 2025 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.
Torsdag 14. mars
Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland har møte med FNs ekspertmekanisme for urfolksrettar (EMRIP). EMRIP er i Noreg for å samle informasjon om politikk og regelverk, blant anna om energiforvaltning og samiske rettar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland er kalla inn som vitne i den offentlege straffesaka mot 18 Fosen-aksjonistar som demonstrerte i regjeringskvartalet i fjor. Stad: Oslo tingrett, C. J. Hambros plass 4, Oslo. Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no.
Laurdag 16. mars
Energiminister Terje Aasland deltek på årsmøte i Vestland Arbeidarparti. For meir informasjon, kontakt politisk rådgivar Jorid Nordmelan på 95 94 20 84.