Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 11

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 10. mars

Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse i samband med at forslaget om Norgespris på straum blir sendt på høyring. Pressefolk som ønskjer å vere til stades kan melde seg på til info@ed.dep.no innan måndag 10. mars kl. 08.30. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.  

Tysdag 11. og onsdag 12. mars

Energiminister Terje Aasland er til stades når regjeringa startar budsjettarbeidet for 2026 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.

Torsdag 13. mars

Kl. 08.45: Energiminister Terje Aasland besøkjer Rosenberg verft i Stavanger for å markere at det oppgraderte Jotun-skipet snart skal ut på Balder-feltet. Energiministeren får ein presentasjon av prosjektet og ei omvising på skipet. Presse som ønskjer å delta på omvisinga kan ta kontakt med Liv Jannie Omdal i Vår Energi, telefon 97 66 71 37, e-post liv.omdal@varenergi.no.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

Kl. 12.45: Energiminister Terje Aasland besøkjer Lnett, der han møter lærlingar. Møtet går føre seg på Skeiane transformatorstasjon i Sandnes.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

Laurdag 15. mars

Energiminister Terje Aasland deltek på årsmøtet i Trøndelag Ap.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.