Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 12

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.


Måndag 18. mars

Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit fagmøte om tilgang til kraft for næringslivet i Vestfold og Telemark. Møtet går føre seg på Harmonie arena i Sandefjord. Adresse: Sandefjordsveien 3.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 15.30: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

 

Tysdag 19. mars
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandling av saker på energifeltet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Onsdag 20. mars
Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 21. mars
Energiminister Terje Aasland besøkjer Sunndal i Møre og Romsdal. Statsråden skal besøkje Statnett, Statkraft og Hydro Sunndal. Han deltek også på eit folkemøte om kraft og industriutvikling. Programmet skulle opprinneleg vore gjennomført i januar.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Fredag 22. mars
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Bamble kommune. Tema for møtet er framtida for Kongens dam.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.