Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 15
Pressemelding | Dato: 05.04.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 8. april
Kl. 12.00 Energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet. Møtet varer til tysdag. Stad: Oslo kongressenter.
Tysdag 9. april
Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland har møte med administrerande direktør Morten Henriksen i Gassnova. Tema for møtet er CO2-handtering. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 10. april
Kl. 13.15: Energiminister Terje Aasland har møte med Offshore Norge. Tema for møtet er havvind. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 12. april
Energiminister Terje Aasland besøkjer Sogndal kommune. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 09.35: Statsråden besøkjer Sogndal vidaregåande skule, der han blant anna møter elevar på elektrofag. Stad: Lunnamyri 2, Sogndal.
Kl. 10.30: Statsråden besøkjer Sognekraft. Stad: Dalavegen 25, Sogndal.
Kl. 12.00: Statsråden deltek på den offisielle opninga av Leikanger kraftverk. Stad: Sognefjordvegen 165, Leikanger.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Eivind Windingstad Stensrud, telefon 97 67 40 74, e-post eiws@ed.dep.no.
Måndag 15. april
Energiminister Terje Aasland deltek på EUs uformelle energiministermøte i Brussel. Tema for møtet er blant anna styrking av energiinfrastrukturen.
Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkrediterast.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.