Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 16

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Onsdag 17. april
Energiminister Terje Aasland besøkjer Hammerfest og Bodø. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 08.00: Statsråden møter studentar til frukost. Stad: Arktisk kultursenter, Hammerfest. 

Kl. 09.00: Statsråden deltek på Barentshavkonferansen. Konferansen går føre seg på Arktisk kultursenter i Hammerfest.

Kl. 12.00: Statsråden har lunsjmøte med ordførar Terje Rogde (H) og Arbeidarpartiet sin gruppeleiar Berit Hågensen.

Kl. 13.10:  Statsråden besøkjer Norsea Polarbase, der han møter Aibel AS og AM North. Stad: Havneveien 50, Rypefjord.

Kl. 14.30: Statsråden besøkjer elektrobedrifta H. Blix. Stad: Strandgata 45, Hammerfest.

Kl. 19.15: Statsråden er quizmaster på eit ope arrangement på Piccadilly pub i Bodø. Adresse: Sandgata 4, Bodø.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

 

Torsdag 18. april
Energiminister Terje Aasland besøkjer Bodø. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 11.00: Statråden deltek på Fornybar Norges årskonferanse. Statsråden taler om lag kl. 11.10 og deltek deretter i ein panelsamtale med administrerande direktør Åslaug Haga i Fornybar Norge og Høgre-leiar Erna Solberg. Konferansen går føre seg på Quality Hotel Ramsalt.

Kl. 13.15: Statsråden besøkjer Bodø videregående skole, der han blant anna møter elevar på elektrofag. Stad: Amtmann Hegges vei 3-4, Bodø.

Kl. 14.30: Statsråden har møte med Vefsn kommune og Helgeland Kraft. Tema for møtet er blant anna nettsituasjonen på Helgeland.

Kl. 15.15: Statsråden har møte med LO og NHO. Tema for møtet er Kraftløftet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

 

Fredag 19. april
Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Ventyr, som i mars vann auksjonen om å byggje ut havvind i området Sørlege Nordsjø II. I møtet skal Ventyr blant anna presentere utbyggingsplanen sin. Møtet går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.40. Ta med pressekort og gyldig ID.

Kl. 08.45: Energiminister Terje Aasland inviterer til pressefrukost for å markere at staten og Ventyr inngår ein differansekontrakt som regulerer utbetalinga av statsstøtte for havvindutbygginga i Sørlege Nordsjø II. På frukosten vil Ventyr orientere om utbyggingsplanen sin, og det er mogleg å stille spørsmål til statsråden og Ventyr. Pressefrukosten går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Presse som ønskjer å delta på frukosten må melde seg på til info@ed.dep.no innan onsdag 17. april kl. 16.00. Det er oppmøte for påmeldt presse ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 08.25. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.

 

Søndag 21. og måndag 22. april
Energiminister Terje Aasland deltek på Hannovermessa i Tyskland, saman med statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Jan Christian Vestre. Messa blir rekna som ei av dei leiande industrimessene i verda, og Noreg er i år valt ut som partnarland. Noregs deltaking går under  overskrifta «NORWAY 2024: Pioneering the green industrial transition».

Presse som ønskjer å delta på messa må akkrediterast.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.