Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 17

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.


Søndag 21. og måndag 22. april

Energiminister Terje Aasland deltek på Hannovermessa i Tyskland, saman med statsminister Jonas Gahr Støre og næringsminister Cecilie Myrseth. Messa blir rekna som ei av dei leiande industrimessene i verda, og Noreg er i år valt ut som partnarland. Noregs deltaking går under  overskrifta «NORWAY 2024: Pioneering the green industrial transition».

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post: jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.

Onsdag 24. april

Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 19.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit arrangement i regi av Tekna, der han skal snakke om framtida for norsk olje og gass.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Fredag 26. april

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Google. Tema for møtet er datasenteretableringa i Skien.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Bellona. Tema for møtet er CO2-handtering.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.