Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 2

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Tysdag 7. januar

Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk Industri og Fellesforbundet. Tema for møtet er havvind og leverandørindustri. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Onsdag 8. januar

Energiminister Terje Aasland deltek på NHOs årskonferanse, i Oslo Spektrum. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 9. januar

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland tek imot ein rapport om nettilknyting for flytande havvind. Rapporten er skriven av to av arbeidsgruppene under Samarbeidsforum for havvind, med mål om å auke forståinga for kva slags teknologi som trengs for å knyte flytande havvindparkar til straumnettet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av representantforslag på energiområdet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Fredag 10. januar

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Hydro Energi. Tema for møtet er kraftsituasjonen. Møtet skulle opprinneleg vore gjennomført i desember. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.