Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 21
Pressemelding | Dato: 16.05.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Tysdag 21. mai
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ei markering med dei åtte grupperingane som har fått status som forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Sentera skal forske på blant anna solenergi, batteriteknologi og karbonfangst og -lagring. Senterleiarane og deltakarar frå alle sentera deltek på markeringa, som går føre seg hjå Forskingsrådet på Lysaker. Adresse: Drammensveien 288. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk Industri. Tema for møtet er havvind og karbonfangst og -lagring. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Zephyr. Tema for møtet er landbasert vindkraft. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 22. mai
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er til stades på landsmøtet til Landssamanslutninga av norske vindkraftkommunar (LNVK). Landsmøtet går føre seg på Radisson Blu Scandinavia i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 24. mai
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Stiftelsen Norsk Oljemuseum. Møtet går føre seg på Norsk Oljemuseum i Stavanger. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på ei markering av at det er 25 år sidan Norsk Oljemuseum vart opna i 1999. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.