Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 22

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Tysdag 28. mai

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på opningskonferansen til Eliaden, som er ei fagmesse for den elektrotekniske bransjen. Konferansen går føre seg i hall A i NOVA Spektrum på Lillestrøm.

Statsråden besøkjer også messeområdet i hall C, der han blant anna møter Solcellespesialisten og Montørjentene. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.

 

Onsdag 29. mai

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er til stades i den munnlege spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 11.30: Energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Norsk offshore energidag, på Radisson Blu Scandinavia Hotel i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit ope folkemøte i Nord-Gudbrandsdalen, i regi av Innlandet Ap. Møtet går føre seg på Otta kulturhus. Kontaktperson er politisk rådgivar Jorid Nordmelan, telefon 95 94 20 84.

 

Torsdag 30. mai

Kl. 19.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein jubileumsmiddag arrangert av LO i Vestfold og Telemark, i samband med LO sitt 125-årsjubileum. Middagen går føre seg på Farris bad i Larvik. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Fredag 31. mai

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland og kommunal- og distriktsminister Erling Sande inviterer til pressekonferanse i samband med framlegginga av stortingsmeldinga om flaum og skred. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.