Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 25

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 17. juni
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Aker BP. Tema for møtet er aktuelle energipolitiske saker. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Fornybar Norge. Tema for møtet er aktuelle energipolitiske saker. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit digitalt møte med energi- og næringsministrane i dei nordiske landa. Tema for møtet er felles utfordringar knytta til behovet for meir elektisk kraft og raskare utbygging av nett. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Tysdag 18. juni
I samband med at prinsesse Astrid av Belgia er på offisielt besøk til Noreg, saman med regjeringsmedlemmer og ein stor næringslivsdelegasjon, deltek energiminister Terje Aasland på følgjande program:

Kl. 12.00: Signering av ein intensjonsavtale om røyrtransport av CO2 og ei felles erklæring om samarbeid om havvind mellom Noreg og Belgia. Avtalesigneringa går føre seg på restauranten Vaaghals i Bjørvika i Oslo. Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 11.30. Adresse: Dronning Eufemias gate 8, Oslo.

Kl. 12.15: Lunsj med prinsesse Astrid og norsk og belgisk næringsliv. Lunsjen går føre seg på restauranten Vaaghals. Det er mogleg for akkrediterte fotografar å fotografere på starten av lunsjen. Adresse: Dronning Eufemias gate 8, Oslo.

Kl. 14.00: Statsråden taler på ein norsk-belgisk energikonferanse på Operaen. Adresse: Kirsten Flagstads plass 1, Oslo.

Kl. 14.15: Statsråden har eit bilateralt møte med den belgiske energiministeren Tinne Tinne Van der Straeten. Møtet går føre seg på Operaen. Adresse: Kirsten Flagstads plass 1, Oslo.

Journalistar og fotografar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg til john.eckhoff@wask.no innan måndag 17. juni kl. 16.00.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.


Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

 

Onsdag 19. juni
Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandling av saker på energifeltet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Torsdag 20. juni
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland er til stades på eit arrangement der olje- og gassnæringa legg fram sin årlege statusrapport for arbeidet med å halvere klimagassutsleppa innan 2030. Arrangementet går føre seg på Litteraturhuset i Wergelandsveien 29 i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Hafslund. Tema for møtet er karbonfangst og -lagring. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Konkrafts råd. Tema for møtet er energipartnarskap med olje- og gassnæringa. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 14.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Samfunnsbedriftene Energi og EL og IT Forbundet. Tema for møtet er inntektsrammereguleringa for nettselskapa. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på medlemsmøte i Telemark Ap. Møtet går føre seg i lokala til Telemark Ap i Skien.

 

Fredag 21. juni
Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland representerer regjeringa i seremonien der Thor Heyerdahls urne skal setjast ned i Larvik. Heyerdahl døydde i 2002, og urna hans har fram til no vore oppbevart i Italia. Seremonien går føre seg i Larvik kirke. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.