Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 26, 27 og 29

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 24. juni
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Fornybar Norge. Tema for møtet er aktuelle energipolitiske saker. Møtet er utsett frå 17. juni. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Onsdag 26. juni
Kl. 08.45: Energiminister Terje Aasland har møte med Falk Energy om vindkraft på grå areal. Møtet er digitalt. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.


Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Hunderfossen for å opne den nye utstillinga til Energisenteret.  Statsråden deltek også på eit energiseminar same stad. Stad: Fossekrovegen 22, Hunderfossen. Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.

 

Måndag 1. til torsdag 4. juli
Energiminister Terje Aasland besøkjer Indonesia og Singapore. I Indonesia skal han blant anna delta på den 10. offisielle energidialogen mellom Noreg og Indonesia. I samband med besøket skal han også ha fleire møte med norsk næringsliv i Indonesia, i tillegg til at han møter ASEAN og JETP.

I Singapore skal statsråden blant anna møte næringsminister Tan See Leng og representantar for energibransjen og norsk næringsliv.

Presse som ønskjer å dekke besøket kan kontakte pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

 

Onsdag 17. juli
Energiminister Terje Aasland deltek på Rundebordskonferansen 2024 i Molde.

Energiministeren vil også møte med Rare Earths Norway i Molde. Temaet for møtet er arbeidet deira med Fensfeltet, med spesielt fokus på energibehov.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.