Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 35

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Søndag 25. og måndag 26.august

Energiminister Terje Aasland deltek på Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger Forum.

 

Søndag 25. august:

Energiministeren deltek på ONS Rundebordskonferanse. I tilknyting til konferansen har han også eit møte med EUs energikommisær Kadri Simson og eit møte med Marokkos energiminister Leila Benali. 

Måndag 26. august: 

Kl. 08.00: Energiministeren deltek på eit frukostmøte i samband med ONS Rundebordskonferanse. 
Stad: Clarion Energy Hotell.

Kl. 09.00: Energiministeren har eit møte med administrerande direktør Patrick Pouyanné i TotalEnergies. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. 
Stad: Møterom Creative Center 2.

Kl. 09.30: Energiministeren har eit møte med den tyske parlamentariske statssekretæren Stefan Wenzel. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.

Kl. 10.10: Energiministeren har møte med Anna Mascolo i Shell. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.

Kl. 11.00: Energiministeren deltek på den offisielle opninga av ONS 2024.

Kl. 13.15: Energiministeren deltek på ein offisiell lunsj i regi av Stavanger kommune.

Kl. 14.15: Energiministeren deltek på ei omvising i utstillingsområdet i Stavanger Forum.

Kl. 15.00: Energiministeren taler på sesjonen «The Energy Horizon». Stad: Energy Hall, rom 1.

Kl. 16.30: Energiministeren har møte med Bruce Westerman frå den amerikanske kongressen. Det er mogleg å fotografere på starten av møtet. Stad: Møterom Creative Center 3.

Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23 e-post joja@ed.dep.no

Tysdag 27. og onsdag 28. august

Energiminister Terje Aasland deltek på regjeringa sin budsjettkonferanse, på Statsministerens kontor. 

Torsdag 29. august

Energiminister Terje Aasland er på Røros.

Kl. 11.00: Statsråden deltek på landsmøtet til Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar. Stad: Røros Hotell, An-Magrittveien 48.

Kl. 13.00: Statsråden besøkjer Kuråsfossen kraftverk. Stad: Glåmos.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.

 

Fredag 30. august

Energiminister Terje Aasland besøkjer Mongstad. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.00: Statsråden har møte med Greenspot Mongstad, som er omstillingsprosjektet til Mongstad Industripark. Stad: Mongstad Industripark.

Kl. 11.00: Statsråden deltek på ei markering for mobilisering av meir kraft. Markeringa er knytt til Kraftløftet-rapporten som er laga av LO og NHO. Stad: CCB Mongstad, Storemyra 162.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.