Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 36
Pressemelding | Dato: 30.08.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 2. september
Kl. 09.45: Energiminister Terje Aasland inviterer til samarbeidsforum for havvind. I møtet skal dei tre arbeidsgruppene under Samarbeidsforum presentere arbeidet dei har gjort sidan sist møte. Møtet går føre seg hjå Statnett. Adresse: Nydalen allé 33, Oslo.
Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30. Etter møtet, om lag kl. 12.30, er deltakarane tilgjengelege for presse. Ta med pressekort og gyldig ID.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.
Fredag 6. september
Energiminister Terje Aasland er i Helsingfors, der han skal ha eit bilateralt møte med den finske energiministeren.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.