Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 38
Pressemelding | Dato: 13.09.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 16. september
Kl. 17.30: Energiminister Terje Aasland deltek på fylkesstyremøte i Telemark Ap.
Tysdag 17. september
Kl. 10.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Fellesforbundet, Aker Solutions og Norsk Industri. Tema for møtet er havvind. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på landsstyremøte i Arbeidarpartiet.
Onsdag 18. september
Energiminister Terje Aasland deltek på konferansen Kraft i Vest 2024, i Sandane. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.
Torsdag 19. september
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med den danske energiministeren Lars Aagaard. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 20. september
Kl. 09.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Samfunnsbedriftene Energi. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Torsdag 26. september
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på markeringa av at Northern Lights-anlegget for fullskala, kommersiell CO2-transport og -lagring er ferdigstilt. Markeringa går føre seg ved Northern Lights i Øygarden.
Presse som ønskjer å delta på arrangementet kan akkreditere seg ved å sende ein e-post til sara.stefansdottir@norlights.com innan måndag 23. september. Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.
Onsdag 2. til fredag 4. oktober
Energiminister Terje Aasland er i Brasil, der han skal delta på fleire ministermøte i G20s arbeidsgruppe for energiomstilling, Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Brasil har formannskapen i G20 i år, og har peika ut energiomstilling og berekraftig utvikling som ei av hovudprioriteringane.
Noreg er invitert med som gjesteland i G20 i år, og er også fast medlem av og leier fleire arbeidsgrupper og initiativ under Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Møta går føre seg i Foz do Iguaçu. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.