Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 39
Pressemelding | Dato: 20.09.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Tysdag 24. september
Energiminister Terje Aasland besøkjer Aukra og Molde. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 09.00: Statsråden besøkjer Nyhamna, der han mellom anna får ei omvising på anlegget.
Kl. 14.30: Statsråden besøkjer Istad og Elinett, der han får ei orientering om arbeidet til bedriftene. Stad: Plutovegen 5, 6419 Molde.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Skogholt, telefon 45 43 93 49, e-post ingrid.skogholt@ed.dep.no.
Torsdag 26. september
Kl. 11.00: Energiminister Terje Aasland deltek på markeringa av at Northern Lights-anlegget for fullskala, kommersiell CO2-transport og -lagring er ferdigstilt. Markeringa går føre seg ved Northern Lights i Øygarden. Presse som ønskjer å delta på arrangementet kan akkreditere seg ved å sende ein e-post til sara.stefansdottir@norlights.com innan måndag 23. september.
Pressekontaktar for energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.