Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 4
Pressemelding | Dato: 19.01.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 22. januar
Energiminister Terje Aasland besøkjer Møre og Romsdal. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 12.30: Statsråden besøkjer Statnett og Statkraft. Adresse: Sjølsengvegen 64, Sunndalsøra.
Kl. 14.30: Statsråden besøkjer Hydro Sunndal.
Kl. 17.30: Statsråden deltek på folkemøte om kraft og industriutvikling. Møtet går føre seg på velferdshuset til Hydro Sunndal.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 23. januar
Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Naturfagsenteret, Fornybar Norge og Offshore Norge. Tema for møtet er «Årets energioppdrag». Møtet går føre seg på Scandic Oslo Airport. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Naturfagsenteret sin energikonferanse for lærarar. Stad: Scandic Oslo Airport. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland deltek på ein arbeidslunsj med EU-landa sine ambassadørar til Noreg. Tema for lunsjen er aktuelle energispørsmål. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Aure kommune og Norsk Kjernekraft. Tema for møtet er planane for eit mogleg kjernekraftverk i Aure og Heim kommunar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 16.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med energiministeren i Storbritannia, Claire Coutinho. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.