Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 4

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.

Måndag 20. januar

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

Onsdag 22. januar

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland deltek i ein frukostdebatt i regi av Forbundet Styrke. Tema for debatten er «Petroleum – ressurs eller oljeskam?». Arrangementet går føre seg i Aker-bygget i Hinna Park i Stavanger. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Skogholt, telefon 45 43 93 49, e-post ingrid.skogholt@ed.dep.no.

Kl. 15.00: Energiminister Terje Aasland deltek på Naturfagsenteret sin energikonferanse for lærarar. Stad: Scandic Gardermoen. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stgr@ed.dep.no.

Torsdag 23. januar

Kl. 08.00: Energiminister Terje Aasland har eit digitalt møte med den danske energiministeren Lars Aagaard. Tema for møtet er aktuelle energipolitiske tema, blant anna det nordiske kraftsamarbeidet.  For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Fredag 24. januar

Kl. 09.00: Energiminister Terje Aasland har møte med Norsk Kjernekraft. Tema for møtet er kjernekraft som mogleg energikjelde i Noreg. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 12.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer Hitachi Energy sin serviceverkstad for transformatorar og høgspenningsutstyr. Stad: Holmestrandsveien 117, Drammen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.

Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på årsmøte i Kragerø Ap.

Laurdag 25. januar

Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland deltek på årsmøte i Skien Ap.