Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 40
Pressemelding | Dato: 27.09.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Onsdag 2. til fredag 4. oktober
Energiminister Terje Aasland er i Brasil, der han skal delta på fleire ministermøte i G20s arbeidsgruppe for energiomstilling, Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Brasil har formannskapen i G20 i år, og har peika ut energiomstilling og berekraftig utvikling som ei av hovudprioriteringane. Noreg er invitert med som gjesteland i G20 i år, og er også fast medlem av og leier fleire arbeidsgrupper og initiativ under Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Møta går føre seg i Foz do Iguaçu.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.