Utdrag frå energiminister Terje Aaslands kalender for veke 41
Pressemelding | Dato: 04.10.2024 | Energidepartementet
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det kan skje endringar i programmet på kort varsel.
Måndag 7. oktober
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget, i samband med at finansministeren legg fram forslaget til statsbudsjett for 2025. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 12.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Konkraft. Tema for møtet er arbeidet med utsleppsreduksjonar på sokkelen. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Tysdag 8. oktober
Kl. 10.00: Energiminister Terje Aasland og næringsminister Cecilie Myrseth besøkjer Nome kommune, der dei får ei orientering om Fensfeltet. Besøket startar ved Holla kirkeruin, og held deretter fram på rådhuset på Ulefoss. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 13.00: Energiminister Terje Aasland deltek på eit arrangement om Kraftløftet. Arrangementet går føre seg i auditoriet på Herøya industripark i Porsgrunn. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Onsdag 9. oktober
Kl. 18.00: Energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.
Torsdag 10. oktober
Kl. 09.15: Energiminister Terje Aasland deltek i ein politisk debatt om vindkraft og energipolitikk. Debatten blir arrangert av Motvind Norge, og går føre seg på Pressens Hus i Oslo. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 10.30: Energiminister Terje Aasland er i Stortinget, der han svarer på ein interpellasjon om fornybardirektivet. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Fredag 11. oktober
Kl. 08.30: Energiminister Terje Aasland har møte med Fornybar Norge, Distriktenergi og Samfunnsbedriftene. Tema for møtet er inntektsrammereguleringa for nettselskapa. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.
Kl. 14.00: Energiminister Terje Aasland besøkjer bedrifta Energynest, på Herøya i Porsgrunn.
For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.